tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Ekkodalkonserten 2026
27. juni
kl. 16.00
Bak Garvarbuda i Volda
Billettar 250,-
Alle under 18 år GRATIS
Kvit stig
morgon skir
Kvitt veks lyset
frå mor sin munn
Legg seg over sjøen
i ei bøn
Poet og forfattar Hilde Myklebust les sin nye diktsamling
"Kvit stig morgon skir" i sin heilskap.
Teksten vert etterfylgd av musikk med trioen POING.
Hånon Thelin - kontrabass
Frode Haltli - accordion
Rolf Erik Nystrøm - saksofon
POING seplar
-
Olav Anton Thommesen: 4. sats fra Fire Tjaikovksji-skisser
-
Terry Riley: Thread on a Trail
OM BOKA:
Aron vert fødd 18. oktober 1877 og veks opp i tronge kår på Sunnmørs-kysten. Livet og dauden er tett på familien ved fjorden, dei mister ein veslebror og snart endå ein. Aron tek hyre til sjøs 20 år gammal og mønstrar på skipet Undine av Haugesund. Fyrstereisa endar i tragedie: I storm går skipet på grunn utanfor Portugal, og berre halve mannskapet bergar seg.
Kvit stig morgon skir fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leve, men alltid på nåde.
Med ein veldig nærleik til naturen og alt levande diktar Hilde Myklebust fram livet til sin eigen oldefar.

