tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Velkomen til
Jensagarden på Leira
28. juni
kl. 13.00
Jensagarden på Leira
"Or! "eit nyskrive verk om beitedyr og sætertradisjonen av Frida og Marte Haltli (19 og 17 år)
Frida og Marte Haltli (Haltli Sisters) er ein framstormande feleduo som har markert seg som svært dyktige folkemusikarar, men også svært leikande og skapande menneske. Dette er deira fyrste større verk, og er skrive på oppdrag frå tonehimmel-festivalen.
Marte og Frida er døtrene til komponist og vokalist Maja S. K. Ratkje og akkordeonist Frode Haltli. De har vakse opp i eit mangfold av musikk og kunstnariske utrykk, men har funne sin eigen base i den norske folkemusikktradisjonen.
Verket deira har fått tittelen "Or!"( som i treslaget)
Nokre ord om verket:
Vi menneske lever meir lettvint enn nokosinne, men til kva kostnad? I løpet av 70 år har 97% av sætrane i Norge blitt nedlagde. Å koke brunost over oreved er kunnskap som har vorte formidla gjennom generasjonar, akkurat som musikk og annan tradisjon. Men brunosten vert ikkje lenger kokt over brennande ved - den har vorte ein del av storindustrien. Med feler og lyd presenterer Frida og Marte budeier gjennom det siste århundre.

