top of page

Smakebetekonsert

Volda, spesifikasjon om lokalet kjem snart:)

25. juni

kl. 18.00

Billettar 250,-

alle under 18 år gratis

Trioen POING med vokalist Maja S.K. Ratkje er blitt omtalt som norsk musikklivs finaste, frekkaste og mest nyskapande folk. I 20 år har dei tolka og formidla songar knytt til arbeidarrørsla og sosialismen, og i forlenginga

av arbeidarsong-tematikken frå den kritikarroste CDen “Wach auf!” (2011) har prosjektet “Kapital & Moral” vakse fram. Unnfanginga blei markert med ei plateutgjeving av “Kapital & Moral” på Grappa Musikkforlag våren 2016. Plata er spelt inn hos Propeller i Oslo i samarbeid med superprodusenten Kåre Chr. Vestrheim.

 

På “Kapital & Moral” framfører POING og Maja S.K. Ratkje songar frå dei siste hundre år med tema som kretsar rundt kapitalens innverknad på kvar og ein av oss. Saman utforskar dei det sinnet som finst i John Lennons «Working Class Hero», det såre omkring asylbarn som finst i Åge Aleksandersens evig aktuelle «Fremmed fugl» og Rudolf Nilsens skildring av borna som lagar kle til vestlege forbrukarar i «En vise om Kinabarna». Musikk og tekster av Kurt Weill og Bertolt Brecht, Alf Prøysen og Tom Waits er også sentrale i dette prosjektet.

Samarbeidet mellom Ratkje og POING starta i 1999, då ho skreiv stykket “essential extensions” til trioen, deira første verk. Eitt år seinare sto dei saman på ein scene i Saunabar i Helsinki og framførte songar av Kurt Weill og Bertolt Brecht til alles store overrasking. Sidan då har dei gjentatt suksessen med ein årleg natt-til-1.mai-konsert på brune pubar i Oslo for eit feststemt publikum.

Repertoaret har blitt utvida til å inkludere alt frå nasjonalsongar frå utdøydde sosialiststatar til poplåtar frå 80-tallet, folkemusikk og arbeidarsongar frå heile verda. Konsertane har vart i fleirfaldige timar, med gjester – profesjonelle som amatørar, med diktopplesing og med appellar. Ei tilsynelatande usakleg blanding har etter kvart utkrystallisert seg som ein ny, sosialistisk fortolkingstradisjon med eit konsept som vart oppfatta som frekt fordi det var hinsides ironisk, anarkistisk fordi det var motsetningsfylt, og nostalgisk bortanfor sentimentalitet og korrekt fortolkingstradisjon.

 

Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Frode Haltli – akkordeon
Håkon Thelin – bass
+ Maja S.K. Ratkje – vokal

PoingMajaRatkje_KapitalMoral_GeirDokken5-1-scaled.jpg
KR_Kulturrådet.png
download-2.png
mobelringen.png

Brænne Eigedom AS

Furutunet AS

jazzklubben.png
SFF_logo_svart.png
sparebankenmørelogo.png
images.png
Skjermbilde 2025-10-12 kl. 23.44.55.png
PNG midtstilt svart tekst.png
bottom of page