tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Kretsløp
Skogsholtet over Lærarskuleskogen
26. juni
kl. 21.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
"Kretsløp" av Maja S. K. Ratkje er eit verk i 7 satsar komponert rundt gamle norske danserytmar. Verket var opphavleg bestilt til ein kunstinstallasjon/gangsti i skogane ved Harpefoss i Gudbransdalen (Okulus).
No har Maja skrive om verket til å bli ein duo, som vert framført i Voldas skogar av Frida og Marte Haltli.


Maja S. K. Ratkje
Maja S. K. Ratkje er komponist og improvisasjonsmusikar. Ho vert ofte beskriven som ein av sin generasjons viktigste norske komponistar, både på grunn av den høge aktiviteten og hennar store gjennomslag, og på grunn av måten ho sameiner rollene som komponist og musikar med stemme og elektronikk på utradisjonelle måtar.

Haltli
Sisters
Frida Haltli og Marte Haltli
er kjende både for det fantastiske spelet sitt, den boblande kreativiteten og nyskapingskrafta.
Dei er 17 og 19 år men har allereie vorte lagt merke til i folkemusikkmiljøet som ein framstormande duo.
Dei kjem frå ein svært skapande og musikalsk allsidig familie, då foreldra deira er Maja S.K. Ratkje og Frode Haltli.
På tonehimmel 2026 er dei både musikarar og komponistar.
