tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Ekkodalkonserten 2026
27. juni
kl. 10.00 Turstart frå Barstadsætra
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Bli med på tur til “Ekkodalen” i Ørsta, ein spesiell stad der vi skaper i samklang med naturen. Når forholda ligg til rette, er det heilt spesielle lydforhold her oppe. Men vi kan ikkje vite kva landskapet vil akkurat denne dagen, vi må spele med det som er, vere ein del av heilskapen og vil kjenne både på det nære og det fjerne, det vesle og det monumentale.
Turstart fra Barstadsætra kl. 10.00. Turen opp tek om lag 2,5 timar og vert leia av Anne Natvik og Øyvind Festø. Der er god rås. Ha gode turklede og gode sko. Konserten starter oppe i dalen ca. kl. 13.00.
Du får oppleve
"Lur fanfare" for alpehorn av Magnar Åm, framført av Marie Solum Gran.
URFRAMFØRING av verket «…nok sol i lommene for ein milliard år» av Marianne Reidarsdatter Eriksen, med tekster av Kjartan Hatløy. Verket vert framført av vokalensemblet Song Circus og hornist Marie Solum Gran.
To satsar frå verket "Kretsløp" av Maja Ratkje, framført av feleduoen Frida og Marte Haltli
URFRAMFØRING av verket "Stjernebru" et stykke for solo-horn av Magnar Åm, framført av Marie Solum Gran.
Improvisasjon og song ved Unni Løvlid og andre festivalsongarar
.png)
