tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
"Oppreisningen: Et lite mysteriespill"
eit nyskrive verk av
Lasse Thoresen for POING

Volda kyrkje
26. juni
kl. 21.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
Lasse Thoresen har skrive eit heilt nytt verk til tonehimmel 2026.
"OPPREISNINGEN: Et lite mysteriespill"tar utgangspunkt i eit gammalt arkivopptak frå ei likferd i Suldal. Her framfører tre songarar ein gammel, ornamentert salme med tekst av Kingo:
O verden hav da gode Nat.
Kontrabassen har ei sentral rolle i verket: Den blir boren liggande inn av musikarane, som om dette var eit gravfølgje. Men så vert den reist opp og kjem gradvis til liv når bassisten grip fatt i den og framfører ein stor solo. Ein lengre konsert med triobesetning følgjer (saksofon, akkordeon og kontrabass), der salmetonen vender tilbake som ledd i eit spel mellom det forgjengelege og det himmelske. Kontrabassen vert til slutt boren oppreist ut, akkompagnert av jublande fuglesog.
Lasse Thoresen
Musikken til Lasse er framført av ensemble i inn- og utland, og har ein sentral plass i det norske samtidslandskapet.
Lasse er kjend for å vere ein allsidig komponist, som meistrar mange ulike format og stilar. Men han er kanskje spesielt kjend for bruken av folkemusikk og folkemusikalske intervall.
Lasse er også professor i komposisjon ved Norges musikkhøgskole og har vore med på å bringe fram ein heil generasjon av nye norske komponistar. Lasse er også svært interessert i filosofi og samtalen mellom menneske.

POING
Poing består av tre fantastiske musikarar Frode Haltli (trekkspel), Håkon Thelin (kontrabass), Rolf-Erik Nystrøm (saxofon). Mange seier det berre er fantasien som set grenser for POINGs repertoar.
Trioen består av tre utøvarar med eksepsjonell musikalsk beidde, som like gjerne tolkar Åge Aleksandersen og Tom Waits, som klassisk og samtidsmusikk.
POING fann saman på Norges Musikkhøgskole i 1999, der dei studerte det dei sjølve har kalla «forbannede instrumenter» frå eit klassisk musikk-perspektiv. Dei første bestillingsverka kom frå skulekameratane, som inkluderte blant anna Maja S.K. Ratkje, Lars Petter Hagen og Øyvind Torvund, og sidan har POING bestilt og framført over 200 nye verk.
