tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Opningskonsert
Håskolltjønna
24. juni
kl. 18.00
Billettar 250,-
alle under 18 år gratis
tonehimmel 2026 opnar med urframføring av eit nytt verk av folkesongar og komponist Unni Løvlid.
Unni Løvlid er ein av landets fremste folkesongarar. Ho kjem frå Hornindal, og til denne konserten har vi invitert Unni til å skape eit nytt verk med grunnlag i musikk frå heimstaden hennar, i samspel med lokale songarar, Volda og Ørsta korskule og hornist Marie Solum Gran.
Ta med sitteunderlag:)


Unni Løvlid
Unni Løvlid ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile si karriere og arbeidd med samtidsmusikk.
Ho har gjennom si utøving valt å jobbe breitt med alt frå barnekonsertar, til å være solist med orkester, jobba med band, gjennomført samarbeid med songarar som EVA-quartet og Annie Ebrel.
Ho har turnert store delar av vera og gitt ut produksjonar som "So ro liten tull", VITA, RITE, LUX, HYMN og "Seven winds". I 2022 ga ho ut albumet UNAMNA saman med Ingfrid Breie Nyhus og Anne Hytta, der dei har bearbeid folketonane Edvard Grieg brukte i sitt opus 66. Saman med Marianne Baudouin Lie (cello) har ho duoen Svarteboka, der dei går inn i ulike typar av tonalitet frå eit musikarperspektiv.
Unni er førsteamanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøyskole og frilans utøvar.
Ho har motteke fleire prisar og utmerkingar, mellom anna Statens kunstnerstipend, Gammelengprisen og Spellemannsprisen

Mrie Solumm Gran
Horn, alpehorn og bukkehorn
Marie har spelt med mange av Norges største orkester og ensemble, samt vore med på ei rekke innspelingar og prosjekt. Marie er også fast medlem i NyNorsk Messingkvintett og har vore på tonehimmel ei rekke gonger før, men aldri åleine og aldri med alpehorn (sjå bildet). På årets festival skal ho vere med og urframføre verk av Marianne Reidarsdatter Eriksen, Unni Løvlid og Magnar Åm.
Volda og Ørsta korskule
Volda og Ørsta korskule er eit kortilbod for barn og ungdom. Dei har to kor som heiter Spirit og Manjana. Det er songarar frå begge kora med på konserten, saman med den faste dirigenten deira Ingrid Vik Henriksen.
Lokale songarar
Seks lokale songarar er med i konserten. Dei har jobba med Unni på workshop i mars og vore ein del av skapingsprosessen rundt verket.
Songarane er:
Ingrid Vik Henriksen
Kristin Øye Gjersdal
Tove Elise Thue Dale
Eirin Rustlie
Åse Malene Lauvsnes Oddekalv
Kaja Skatvedt Robak
