tonehimmel fesival 24.-28. juni 2026
+ konsertar og meir heile året rundt
Velkomen til
Jensagarden på Leira
28. juni
HEILE DAEGEN
Jensagarden på Leira, heime hos John Inge Bjøringsøy og Anna Gjendem med familie og geiter.
Bli med heim til familien på Jensagarden, ein geitegard i fantastiske Hjørunfjorden. Vi er på garden heile dagen og her kan du oppleve geitene, mjølking, ysting og gardsliv, men også musikk, dans og andre fine overraskingar. Det er mogleg å kjøp enkel drikke og noko kortreist mat, men vi tilrår at ein har med matpakke og gjerne grillmat til middag.
Det er meininga at ein kan vere her heile dagen om ein ynskjer, både vaksne og born. Det vil vere nokre sitteplassar, men ta også gjerne med deg sitteunderlag, stolar, eller picknikteppe til å sitje på.
Alle arrangement, med unntak av avslutningskonserten er GRATIS.
Bli med til gards!
Slik ser dagen ut:
GEITESLEPP kl. 10.00
Etter mjølking vert geitene sende på fjellbeite. Ale kan være med å fylgje dei eit stykke på vegen. Her får du oppleve geiter på nært hald, gå ein fin tur, og fin musikk på bukkehorn blir det også. Turen passar for folk i alle aldrar.
Vi tilrår å kome 9.30 så du har god tid til å parkere og gjere små praktiske ting før geitesleppet byrjar.
YSTING AV BRUNOST (frå kl. 11.00, varer heile dagen)
Småbrukar og budeie Guro Skatvedt Duc ystar brunost av mysen frå dagens mjølk over varme på tunet. Ystinga tar heile dagen og foregår parallelt med andre arrangement.. Du kan gjerne vere med å hjelpe til undervegs og sjå på korleis ein brunost blir til.
UNDRING UNDER TREET kl. 12.00
Ein open samtale med årets festivalkunstnarar og alle som vil vere med.
Gratis kaffi og saft!
KONSERT MED HALTLI SISTERS kl. 13.00
Urframføring av verket "Or" av og med Haltlisi Sisters
Eit nyskrive verk for to feler av søstrene Haltli, som kretsar rundt tematikken beitedyr og sæterdrift. Verket er bestilt til tonehimmel 2026 og er skrive av årets yngste komponistar (17 og 19 år). Konserten varer ca. 45 min.
DANSEKURS kl. 14.00-14.45
Lær deg å danse folkedans av dansar og bonde på garden Anna Gjendem. Kurset passar uansett alder og erfaring. Mykje av det ein lærer her kan kome til nytte på dansefesten kl. 17.00.
FLYGELKONSERT I LØDA kl. 15.00
Med bonden og pianisten på garden John Inge Leira Bjøringsøy og tonehimmels eigen komponist og pianist Magnar Åm. Her får du høyre verk av dei begge og eit felles improvisasjonsstykke. Konserten varer i ca. 45 minutt.
GRILLING kl. 15.00-18.00
Vi tenner grillen, og alle som vil kan grille middag her.
DANSEFEST kl. 16.00-17.00
Under leiing av Jorun Marie Kvernberg og Anna Gjendem, i samspel med ei rekke av årets festivalkunstnarar, inviterer vi til dansefest med musikk av levande menneske. Mykje av musikken er skriven av Jorun Marie sjølv, men her kjem også verk av Maja S.K. Ratkje, og kanskje også andre overraskingar.
Dansen vert leia av Anna Gjendem og er open for alle. Er vi heldige får vi også oppleve solodans av gardsparet sjølve. Dette er ein konsert du kan bevege deg til og eit arrangement eigna for alle frå 0-100 år. Arrangementet er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
AVSLUTNINGSKONSET kl. 18.00
i Konsertløda på Jensagarden
Dette er einaste arrangementet på garden som har inngangsbillett
Billetten kostar 250 kr
Saman gjenopplever vi musikalske minne frå festivalveka. Her får du høyre musikk av Lasse Thoresen, Maja S. K. Ratkje, Marianne Reidarsdatter Eriksen, Jorun Marie Kvernberg, Magnar Åm med fleire.

